Klart for konferanse om barn, unge og kultur

dans-02.jpg
KONFERANSE I FØRDE: Konferansen Felles barn, felles startar i Førde torsdag.
13.09.2017 Egil Hofsli (tekst og foto)
Del på:

Klart for konferanse om barn, unge og kultur

FØRDE: Konferansen Felles barn, felles ansvar går av stabelen i Førde 14. og 15. september. Her skal 130 tilsette i kommunane dele erfaringar om og få inspirasjon til arbeid med kultur for, av og med barn og unge.

 

Målet er at konferansen skal stimulere til meir samarbeid på tvers i kommunane. Deltakarane er kulturkontaktar for Den kulturelle skulesekken (DKS) i grunnskulane og kommunane, tilsette i kulturskulane og ansvarlege for Ung kultur møtest (UKM) i kommunane.

 

Konferansen Felles barn, felles ansvar er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane.

 

Store nasjonale omleggingar

 

Eit hovudtema i år er dei store omleggingane som har vore på dette området nasjonalt. I 2016 vart Rikskonsertane lagt ned og Kulturtanken etablert. Direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik, skal snakke om etableringa av Kulturtanken, og kva dette vil bety for arbeidet med kulturformidling til barn og unge i kommunane. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for DKS i Norge.

 

Dagleg leiar i UKM Norge, Torstein Siegel, og direktør i Norsk kulturskuleråd, Morten Christiansen, skal snakke om omlegginga og vegen vidare sett i lys av kvar sine organisasjonar.

 

Lokale ungdommar på scena

 

Deltakarane vil også få med seg gode døme frå vårt eige fylke på samarbeid og moglegheiter for samarbeid mellom ordningane.

 

Torsdag kveld vert det kulturprogram med elevar frå kulturskular i fylket og ungdommar som har deltatt på UKM. Gruppa Stor overraskelse, som for tida er på turné i fylket gjennom DKS, skal binde det heile saman.

 

Her finn du heile programmet for og praktisk informasjon om konferansen

Les flere nyheter!