Nytt Kulturskolefokus: - Vi vil tenkje stort

img_234.jpg
OPPSTART: Aktivitet på første samling i Kulturskolefokus Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane.
22.10.2008 Margrethe Henden Aaraas (tekst og foto)
Del på:

Nytt Kulturskolefokus: - Vi vil tenkje stort

GEIRANGER: Dei som vil og som torer å sikte mot stjernene, det er dei som vil vekse og fornye seg.

 

Det var eit gjennomgåande tema i føredraga til om lag 120 tilsette og rektorar ved kulturskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i Geiranger. Ei rekkje inspirerande føredragshaldarar og kursleiarar var henta til sunnmørsbygda i samband med oppstarten av det treårige programmet Kulturskolefokus Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane.

 

Lever av nytenking

 

Ein av inspiratorane som heldt foredrag om å tore å tenkje nytt og større, var Stig Hjerkinn Haug frå Oslo. Han er partnar i verksemda StigogStein, og er ein uvanleg kreativ og nyskapande mann som lever av å tenkje nytt.

 

Han råda kulturskulane til å finne gode allierte, og satse tid og krefter på å styrkje teamarbeidet. Då vil dei ha reelle moglegheiter til å utvikle lokale ressurssentra i sine kommunar, slik nasjonale stortingsmeldingar legg opp til.

 

Leiarkompetanse viktig

 

Satsinga i dei to vestlandsfylka er tredje utgåven av Kulturskolefokus, og denne gongen blir det lagt endå sterkare vekt på kompetanseheving innan leiing.

 

På kvar av dei to årlege nettverkssamlingane er det eit eige fagprogram for kulturskulerektorane/-leiarane, der prosjektet har knytt til seg dyktige kursleiarar. Mellom samlingane får skulane diverse "heimelekser" og utanom samlingane blir det også i løpet av prosjektperioden arrangert til saman seks fagdagar for kulturskuleleiarane i dei to fylkane. Til desse fagdagane blir alle kulturskuleleiarane i dei to fylka invitert, ikkje berre dei som er med i kulturskolefokusprogrammet.

 

Enkelt og kreativt

 

Dyktige kursleiarar er eit av varemerka til dette prosjektet. Peder Istad (til høyre på bildet) var ansvarleg for kurset "Visuell kunst" på oppstartsamlinga. Istad vil vere kjent for mange i samband med snøhotellet som vart bygt på Bjorli sist vinter. Han har leia fleire store og spektakulære prosjekt, som m.a. bygginga av installasjonen ”Isrose”, som var den norske folkegåva til Kong Harald på 70-årsdagen hans. Deltakarane som fekk bygge installasjonar med Peder Istad i Geiranger, vart utfordra til å tenkje både enkelt og kreativt. Og resultata var spennande!

 

Les meir i Kulturtrøkk nr. 4 2008, som kjem 5. desember.

Les flere nyheter!