Vil betre samarbeidet mellom skule og kulturskule

img_46.jpg
INITIERER PRØVEORDNING: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen. (Foto: Rune Kongsro)
12.12.2011 Pressemelding (utlagt av Egil Hofsli)
Del på:

Vil betre samarbeidet mellom skule og kulturskule

OSLO: Regjeringa vil frå hausten 2013 setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på skulens barnetrinn i utvalde kommunar, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

 

Ein del av stimuleringsmidla på 40 millionar kroner frå Kulturløftet II skal setjast av til prøveordninga.

 

Det vil vere opp til kvar kommune som deltek om tilbodet skal organiserast i samband med SFO eller ikkje. Føremålet er å sjå om det å bruke skulen som arena for eit gratis kulturtilbod skaper eit meir inkluderande tilbod enn dagens kulturskule.

 

- Eg er nøgd med at samarbeidet mellom kulturskule og barneskule/SFO blir styrkt på ein slik måte. Dette kan samstundes leggje betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

 

- Dette handlar om å gje eit kulturskuletilbod til alle, uavhengig av foreldra si inntekt og bakgrunn, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

 

Også i budsjettet for 2012 har regjeringa føreslått 40 millionar kroner i stimuleringsmidlar til kulturskulane. Samstundes vil ein allereie komande år innrette midla enda tydelegare mot føremålet om styrkt samarbeid med grunnskulen.

 

Hovuddelen av midla i 2012 vil derfor gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskule og skule/SFO. Eit utval med prosjekt som allereie har fått støtte de siste to åra, og som er spesielt gode, vil bli vidareført i 2012.

Les flere nyheter!